Tilbake til alle arrangementer

Skalldyrsfest


  • Olaskjeret 27 Bahus Bakkasund, Vestland, 5385 Norway (kart)

Skalldyr og strengar som vil imponere

Det vert Skalldyrfest på Olaskjeret den 18. juni 2027

Sommarkvelden startar kl. 18.30 med forfriskande velkomstboblar og digg fingermat, perfekt for å setje stemninga. Det luktar herleg frå grillen når kokken grillar marinerte sjøkreps

Vidare inn i Nothengjo er borda dekorerte til havets festbord med vårt finaste porselen og tøyserviettar. Det blir høve til mykje godt i glaset og god vin som er nøye utvalgt til dagens hyggelag

Trubaduren vår varmar opp med underhaldande song og sjømannsviser medan etegildet av skalldyr foregår. Ein forfriskande dessert med norske jordbær, pisket crème fraîche og karamelliserte mandlar håpar me vil toppe heile måltidet

Len deg tilbake når kvelden blir forvandla til ein hyllest til gitarlegendene. Nyt ein fantastisk konsert av dyktige Vidar Ruud med band, som tar deg med på ei reise gjennom tidlause klassikarar

Kvelden inkluderer båtskyss frå Bakkasund, ein einhet velkomstboblar, fingermat, skalldyrsbord med blant anna reker, krabbe, snøkrabbe , blåskjell og sjøkreps, ein shot med krema blåskjellsuppe, frisk dessert, trubadur og konsert

Pris kr 1.845 pr. person inkl. billettavgift. Kun 150 billettar er tilgjengelege til denne festkvelden, så ver rask ute med å sikre deg plass saman med gode venar!

Pris: kr 1.845,- per person (inkl. billettavgift).


Forrige
Forrige
21. mai

Konsert - Vamp i Hengjo