Tilbake til alle arrangementer
Liv med Vamp i Hengjo
Få artistar passar betre til Bekkjarvik enn Vamp. I over 30 år har dei levert sterke songar om livet ved kysten, kjærleik, sorg, havet og alt som gjer oss menneske.
Med eit imponerande repertoar, over éin million selde album og ei rekke prisar, er Vamp blant dei mest folkekjære banda i norsk musikkliv. Publikum kan glede seg til både tidlause klassikarar og låtar frå det kritikarroste albumet Tiå det tar.
Praktisk informasjon
Billettpris: kr 650 + billettavgift
Showpakkar med middag eller middag + overnatting på Bekkjarvik Gjestgiveri
Enkel servering av forfriskingar
Dørene opnar 45 minutt før konsertstart
18 års aldersgrense
Konsertstart kl. 20.00
Velkomen til ein stemningsfull kveld med Vamp i vakre Hengjo!