Eit hav av opplevingar

Friluftsliv og naturopplevingar

  • Gå tur

    Austevoll har flotte merka turstier som går gjennom skog, lyngheier og opp til fjelltoppar med utsikt over øyriket. Populære ruter går over Stolmen, Selbjørn, Hundvåkøy og Storekalsøy

  • Dagsturhytta "Adlesi"

    Ei dagsturhytte med panoramautsikt, plassert nær toppen av Loddo. Hytta er open for alle og eit perfekt turmål for ein pause under fjellturen

  • Sjå havørn

    Havørnen svevar ofte over fjell og sjø i Austevoll, og du kan vere heldig å sjå han på kloss hald. Ønsker du ein guida oppleving, arrangerer Olaskjeret og Engesund Visningssenter ørnesafari

  • Fjelltoppjakten

    Bli med på Fjelltoppjakten og opplev Austevoll sine beste utsiktspunkt. Populære toppar som Loddo, Veten og Skansen, gjev deg saman med andre toppar, herleg panoramautsikt over havet og skjærgarden

  • Stormwatching

    Med plassering ut mot Nordsjøen er Austevoll ein perfekt stad for stormwatching. Opplev naturkreftene på tett på, særskilt om vinteren når vêret er på sitt mest dramatiske

  • Sykling i Austevoll

    Oppdag øyane på to hjul langs naturskjønne vegar, kyststiar og lett kupert terreng – perfekt for både rolege turar og aktive utfordringar

En stilisert, mørkeblå ørn med utstrakte vinger og teksten 'Experience' under.

Klar for ein utfordring?

En person på en paddleboard i en innsjø med fjell i bakgrunnen, har på seg en rød hjelm og en beige genser, med solen som skinner. Det er vinter eller tidlig vår, og vannet er delvis islagt.

Utforsk havet, stiar og den vestlandske gjestfridomen med Bekkjarvik Experience – skreddersydde opplevingar midt i det vakre kystriket vårt

Vannaktivitetar

  • Basseng

    Austevollbadet på Storebø har svømmebanar, barnebasseng og leikeområder med wibit. På Stolmen finn du også eit oppvarma basseng som du kan leige for private arrangement

  • Padle kajakk

    Med sine 667 øyar er Austevoll eit eldorado for kajakkpadling. Havstril Padleklubb byr på informasjon og aktivitetar for både nybyrjarar og erfarne padlarar

  • Dykking

    Austevoll har flotte dykkestader både frå land og båt, med variert undervannsterreng og klart vatn. Luftfylling er tilgjengelig på Rabben. Sjå Austevoll Dykkerklubb på Facebook for meir informasjon

  • Jacuzzi

    Nyt ei avslappande stund i utandørs jacuzzi med naturen på Stangeland Gard i utsynet. Booking er tilgjengeleg via deira nettside. Som gjest hos Beckerwyc boutiqe hotel kan du også nyte jacuzzi med nydeleg sjøutsikt attåt

  • Bade i sjø

    Austevoll har mange badeplassar med krystallklårt vatn, lune viker og svaberg perfekt for både leik og avslapping. Fleire av desse er barnevennlege og lett tilgjengeleg

  • Båt- og fiskesafari

    Utforsk skjærgarden med båttur, sjarkfiske eller ribbsafari. Olaskjeret og Garfrend AS byr på organiserte turar for både eventyrlystne og fiskeinteresserte

Aktivitetar på land

  • Unike funn

    I Sjåbuo i Otterå kan du handle antikvitetar, interiørartiklar og gamle bruksgjenstander. Butikken har varierande opningstider, så sjekk deira Facebook-side før du tek turen

  • Bytte bøker på Storebø

    Besøk bokbytte-kiosken ved kirken og Casa Mia restaurant på Storebø. Her kan du ta med deg ein bok og legge igjen ein annan til neste lesar

  • Klatring

    Austevoll byr på både innandørs og utandørs klatring. Austevollhallen har ein klatrevegg tilgjengeleg heile året, medan Vasseidet og Kalsundsholmen er barnevennlege utandørs klatrefelt i naturskjønne omgjevnader

  • Havgapskonsertar

    Opplev levande musikk i spektakulære omgjevnader med Fager Event. Bestill ein privat konsert i naturen, på sjøen eller i strandkanten for ein unik musikkoppleving

  • Sjå villsau

    Den gammalnorske villsauen har beita på kysten i over tusen år og er ein viktig del av Austevoll sitt kulturlandskap. Du ser dei ofte sørvest på Huftarøy eller langs fleire av turstiane

  • Tennis, volleyball eller padel

    I Bekkjarvik finn du tennis- og sandvolleyballbaner, på Stolmen, Møkster og Storebø kan du spelle padel. Banar er tilgjengelege for booking, og utstyr kan du leige på stedet eller låne i Bua Austevoll

Kjøp, leig eller lån utstyr

  • Sykkelutleige

    Austevoll er perfekt for sykling med korte avstander og naturskjønne ruter. Hos BUA Austevoll kan du låne sparkesykkel, BMX-sykkel, balansesykkel, einhjulssykkel og tandemsykkel. I tillegg har Stangeland Gard utleige av to elsyklar

  • Låne utstyr i BUA

    BUA Austevoll har tre lokalitetar og gratis utlån av SUP-brett, redningsvestar, skateboards, campingutstyr, padelutstyr, syklar og mykje, mykje meir

  • Lei elbil

    Utforsk øyene med våre miljøvenlege Renault Twizy, toseters elbilar tilgjengeleg for utleige hos Bekkjarvik Gjestgiveri