
Rom ved havet
Austevoll byr på eit mangfald av overnattingsmoglegheiter, frå koselege gjestgiverier og hyttar til moderne boutique-hotell, med vakre kystliner og frodige omgjevnader som ramme for eit unikt opphald
Hotell, bnb, gjestegard eller fyrtårn – kor vil du vakne?

Reis sjøvegen med eigen båt
Austevoll har fleire gjestehamner med gode fasilitetar og vakker natur – perfekt for deg som kjem med eigen båt og vil ha eit triveleg opphald i øyriket.
Bekkjarvik Gjestehamn – Sentralt plassert, med kort veg til servering, handel og badestrand. Her finn du også unike bergartar og turløype til Kongskleiva.
Storebø Brygge – Eit populært stopp med kort avstand til basseng, strender, restaurant, isbar, badstu og padelbane.
Bakkasund Gjestehamn – Ei roleg og idyllisk hamn med lokalbutikk og kafe.
Møkster Gjestehamn – Ei lun og triveleg hamn med restaurant og badestrand like ved, samt turløype til jettegrytene og unike bergformasjonar.
Prisar og betalingsinformasjon får du lokalt i kvar hamn.
Kjem du med bobil?
Det er enkelt å parkere bobilen her, med kort veg til både spisestader, dagligvarebutikkar og servicefasilitetar – perfekt både for eit kort stopp eller eit lengre opphald.
Bobilparkering ved Bekkjarvik Kyrkje
Pris: kr 200,- per døgn
Betaling: Vipps til 110447
Plassering: Gangavstand til restaurantar, butikkar og flotte naturopplevingar.