
rom ved havet
Austevoll byr på eit mangfald av overnattingsmoglegheiter, frå koselege gjestgiverier og hyttar til moderne boutique-hotell, med vakre kystliner og frodige omgjevnader som ramme for eit unikt opphald
Hotell, bnb, gjestegard eller fyrtårn – kor vil du vakne?
Reis sjøvegen med eigen båt
Austevoll har fleire gjestehamnar med gode fasilitetar og naturskjønne omgjevnader – ideelt for deg som vil oppleve øylivet frå sjøsiden
Gjestehamner i Austevoll
Bekkjarvik Gjestehamn – sentralt med kort veg til servering og handel, badestrand, unike bergartar og turløype til Kongskleiva
Storebø Brygge – populært med kort veg til basseng, strender, restaurant, isbar, badstu, padel
Bakkasund Gjestehamn – rolig og idyllisk hamn med lokal butikk med kafè
Møkster Gjestehamn – perfekt base for å utforske dei mindre øyane, like ved restaurant og badestrand, turløype til jettegrytene og unike bergartar
*Prisar og betalingsinformasjon får du lokalt i kvar hamn
Kjem du med bobil?
Det er enkelt å plassere bobil her, med kort veg til både spisestader, dagligvare og servicefasilitetar – perfekt for eit kort stopp eller for lengre opphald
Bobilparkering ved Bekkjarvik Kyrkje:
Pris: kr 200,- per døgn
Betaling: Vipps til 110447
Gangavstand til restaurantar, butikkar og naturopplevingar