Kontrastar i havgapet
Kloggar & stillettar
Austevoll er eit øyrike med 667 øyar, der svaberg, sund, lyngheier og furuskog formar landskapet. Her svevar havørna over sjøen, medan villsauen beitar i kulturlandskapet. Langs kaiene møter du folk med salt i håret og ei djup kjærleik til havet, men også med urbane og internasjonale impulsar frå kultur- og arbeidslivet. Her lever kloggar og stillettar side om side.
Friske opplevingar
Havet er ein naturleg del av livet i Austevoll, og gjev rom for opplevingar som både utfordrar og inspirerer. Fiskeri, havbruk og reiseliv set sitt preg på både landskap og mattradisjonar, og menyen er fylt med råvarer rett frå sjø og skog. Vil du smake på lokale delikatessar eller kjenne livet langs bryggene, finn du det ekte og nære her.
Kontrastar og skaperkraft
Austevoll er ein stad der tradisjon møter innovasjon, og der arbeidsklede og festantrekk har like naturleg plass. Kontrastane skapar eit levande samfunn med puls, varme og skaperkraft – der små og store opplevingar ventar like rundt neste nes.
VEGFORKLARING
Planlegg reisa di til Austevoll
Uansett kvar du kjem frå, er det enkelt å reise til Austevoll – og sjølve turen er ein del av opplevinga. Her finn du nyttige tips og informasjon om korleis du kjem deg trygt og enkelt fram.
Utforsk øyriket
Her ligg opplevingane tett – frå merkte fjellstiar og sykkelruter, til sjøbad, stormwatching og guida ørnesafari. Velkommen til eit øyrike med mangfald for både eventyrlystne og dei som søkjer ro.
Sov godt ved sjøen
Frå det historiske Bekkjarvik Gjestgiveri og moderne Beckerwyc House, til fyrtårnet på Marstein og glashyttene hos Stangeland Gard. Eit opphald tett på natur og sjø – uansett kor du søv.
Smak av Austevoll
Austevoll byr på ei kulinarisk reise der fjord og kyst set tonen. Her møtast prisvinnande finesse og jordnær tradisjon – frå Mirabelle by Ørjan Johannessen til trivelege kafear i øyriket.