Tilbake til alle arrangementer

Palepop - festival i havgapet


  • Stolmen 3 Stangelandsvegen Stolmen, Vestland, 5398 Norway (kart)

Festival på Stolmen

Fredag 9 juli og laurdag 10 juli - to dagar med musikk, natur og fellesskap – frå familievenlege og kulturelle dagaktivitetar til store konsertopplevingar på kveldstid.

Palepop 2027

Etter ein suksessfull debut i 2026 gjer Palepop seg klar for ei ny festivalhelg ytst i havgapet. 9. og 10. juli 2027 vert Stangeland Gard på Stolmen i Austevoll forvandla til eit festivalområde med yrande folkeliv – berre om lag ein time frå Bergen sentrum.

Palepop er ein musikkfestival som kombinerer lokale talent, sterke namn frå Vestlandet og nokre av dei største artistane i landet. Om fredagen vert det dagsprogram med satellittkonsertar, barnekonsertar og ulike aktivitetar for dei yngste, medan kveldane byr på konsertar på fleire scener på festivalområdet.

Artistar og program

Bigbang, Zimmermann, Of All Things, Skulk, Seagulls, Waver og Irina Benjamin er annonserte, og resten av artistane vert sleppte fortløpande.

Heile programmet finn du etter kvart på palepop.no.

Om Stangeland Gard

Stangeland Gard ligg på Stolmen i Austevoll, ytst i havgapet sør for Bergen, sjå ytterligare info om festivalen på Palepop si heimeside.

Korleis komme seg til Austevoll og Palepop

Til Austevoll må du ta sjøvegen, anten med ferje eller snøggbåt.

Frå Bergen og nordover: Ta ferje frå Krokeide til Hufthamar. Frå Hufthamar er det om lag 30 minutt å køyre til Stangeland Gard.

Det går også snøggbåt frå Strandkaiterminalen i Bergen og frå Flesland til Hufthamar og Bekkjarvik i Austevoll.

Frå Fitjar, Stord og sørover: Ta ferje frå Sandvikvåg på Fitjar til Husavik. Frå Husavik er det om lag 20 minutt å køyre til Stangeland Gard.

Det går også snøggbåt frå Leirvik til Bekkjarvik eller Hufthamar.

Det vert sett opp eigne shuttlebussar til og frå festivalområdet, som går innom både Hufthamar og Husavik. Bussane korresponderer med fleire av ferjeavgangane på begge ferjeleia, sjå oppsett rute på palepop.no. Turen til festivalen er inkludert i festival- og dagspasset, medan kvelds- og nattbussen heim krev eigen bussbillett.

Sidan det er svært få parkeringsplassar ved festivalområdet, oppmodar Palepop alle om å bruka shuttlebussen.

Overnatting

Det finst fleire overnattingstilbod i Austevoll, mellom anna Palepop festivalcamp, Pettersenhuset i Kalvågen, Bekkjarvik Gjestgiveri, Beckerwyc House, Olaskjeret og hytter og rorbuer via Airbnb.

Palepop festivalcamp ligg ved Stolmen skule, i gangavstand frå festivalområdet. Campen har eigne toalett, vatn, straum og grillplass. Campbillett kostar 600 kroner per person, uavhengig av om du overnattar éi eller to netter, og du må ha gyldig dags- eller festivalpass. Det er avgrensa plass, så bestill tidleg.

Kjem du med bubil eller campingvogn, kan du bruka bubilparkeringa ved Bekkjarvik gjestehamn og ta shuttlebussen derifrå. Kjem du med eigen båt, anbefaler me gjestehamna i Bekkjarvik eller på Storebø, og deretter shuttlebussen vidare til festivalområdet.

Billettar

Billettar får du tak i via palepop.no eller direkte på TicketCo.

Palepop 2027 – du fiska etter noko fint. Du fekk ei pala. Heldigvis.

Forrige
Forrige
18. juni

Skalldyrsfest