Magi på Stangeland gård
Bjørg Thorhallsdottir og Stangeland Gård ønskjer å invitere deg til ein kveld der fellesskap, glede og optimisme fyller rommet som levande lys i vintermørkret 🌟
Du vil få lytte til spennande historier som rører, beveger og gir rom for ettertanke.
Dei vil dele raust av øvingar du kan ta fram når du kjenner at brystet byrjar å synge blues. Desse øvingane vil ikkje berre hjelpe deg gjennom vinteren, men gjennom heile livet. Som å bytte frå bleieskift til joggesko på eit augneblink. For når dei store, svarte bølgjene slår inn over livshavet, treng vi ord som gir ro, rom som skaper fellesskapskjensle og mot til å kjenne meistring ❤️
Og fordi livet alltid blir betre med humor, vil kvelden vere krydra med latter, varme augeblikk og små glimt av den typen humor som løyser opp knutar både i hjarte og mage.
Målet er at du går heim med meir glede enn då du kom, med slitne lattermusklar, litt lettare bryst og kanskje eit par nye kjenningar. Og framfor alt: at du kjenner at det er lysare rundt deg og lettare å vere deg sjølv!
I tillegg til dei vil du få oppleve nydeleg musikk med Heidi Djupevåg, og det blir servert litt enkel mat.
Håpar du vil gi deg sjølv denne ettermiddagen
Utvida opphald på Stangeland gard
Dersom du ønskjer å utvide opplevinga, blir du invitert til eit utvida opphald på vakre Stangeland gard. Opphaldet inkluderer middag med Bjørg laurdagskveld, overnatting, frukost og morgonyoga.
Har du lyst til å ete middag saman med Bjørg i landlege omgjevnader på Stangeland gard? Her får du servert gode råvarer, ei god seng å sove i, morgonyoga før frukost – og eit hav av gode samtalar. Dette blir ein gøyal kveld!
Book opphaldet ditt på booking@stangelandgard.no
(Det er berre 20 plassar rundt bordet, og desse er først reserverte for dei som overnattar.)
Prisoversikt
• 3-rettars middag, ekskl. drikke: 750 kr (maks 20 plassar)
• Dobbeltrom / vinterglamping: 2 500 kr
(www.stangelandgard.no)
• Dobbeltrom i hus 200 meter frå garden: 2 000 kr per rom
(delar 2 bad og 1 toalett)
• Frukost: 250 kr
• Yoga: 200 kr
Det er fullt mogleg å kome fredag. Same pris per natt som frå laurdag til sundag.
Aktivitetar og moglegheiter laurdag før dagsarrangementet
• Besøk kaféen i gardsbutikken
• Flotte turmoglegheiter i terrenget på Stolmen
• Oppleve Austevoll
(shopping og lunsj i Bekkjarvik kan varmt tilrådast)
• Fisketur frå naustet i vågen
(pris per person 2 000 kr, minimum 5 per båt)
• Badestamp på tunet
• Tur i puben på fredagskvelden
• Kjøpe eit smakfullt ostefat til kvelds på garden, eller oppleve ein av dei gode restaurantane i Bekkjarvik – berre 10 minutt unna med bil