Få ein eksklusiv konsert med ein av Norges største artistar
Med si heilt særeigne stemme og sound ligg alt til rette for ein magisk kveld med dine favorittsangar frå Kari Bremnes.
Ho har dei siste åra stort sett halde konsertar med heile bandet sitt. Men innimellom held ho nokre få, eksklusive konsertar i duoformat saman med Bengt Hanssen på tangentar. Han er òg produsent for Karis utgjevingar.
– I duoen ønskjer vi å ta vare på mykje av det dynamiske spennet i musikken, sjølv om vi berre er to på scena, seier Kari. Ved hjelp av eit ganske omfattande keyboardoppsett gir vi publikum ein større lydverden enn i eit klassisk duoformat. Det trur vi både songane og konsertane har godt av.
I tillegg til Kari og Bengt er lydmann Geir Østensjø ein sentral medmusikar i besetninga. På desse konsertane vil publikum få høyre eit breitt utval av songar frå heile katalogen hennar.
Showpakkar – middag og overnatting
Gjer kvelden ekstra spesiell med ei av våre fordelaktige showpakker:
Nyt ein vakker konsert og avslutt kvelden med ein 3-rettars middag på Bekkjarvik Gjestgiveri, like etter konsertslutt.
Ønskjer du å gjere opplevinga komplett, tilbyr vi òg overnatting på Gjestgiveriet – perfekt for tilreisande eller dei som vil nyte heile kvelden i ro og mak.
Serveringstida tilpassast konsertslutt.
Praktisk informasjon
Dato: 21. mars 2026
Tid: Konsertstart kl. 18:00
Stad: Kongsen Kultursal, Bekkjarvik
Billettpris: kr 600 + billettavgift
Showpakker: Middag eller middag + overnatting på Bekkjarvik Gjestgiveri – vel ønskjeleg alternativ via Easyticket under billettval
Dørene opnar: 40 minutt før konsertstart
Aldersgrense: Ingen
Merk: Billettane vert ikkje refunderte