Tilbake til alle arrangementer

Vassendgutane opnar Nothengjo på Olaskjeret

  • Olaskjeret 27 Bahus Bakkasund, Vestland, 5385 Norway (kart)

Opning av nothengjo med Vassendgutane

NOTHENGJO, vårt nye grindabygg, blir realitet til våren, og me har gleda av å annonsera at sjølvaste VASSENDGUTANE opnar bygget fredag 22. MAI 2026!!!

Når Vassendgutane entrar scena på Olaskjeret, så er det meir enn berre ein konsert – det er ein folkefest! Dette er kvelden der du syng med til «GRANADA», «UNGKAR MED DOBBELSENG» OG «SILIKON I TATTI», dansar med gamle og nye venar, og kjenner fellesskapet i kvart einaste refrenglinje. Du veit aldri heilt kva som skjer – anna enn at dette er ei oppleving du ikkje vil gå glipp av!

DETTE FÅR DU

* Eit band som gjer alt – og litt til

* Låtar som får deg til å syngje som om ingen høyrer

* Ein sal full av livsglade folk i alle aldrar

* Den gode, småfrekke humoren og stemninga berre Vassendgutane kan levere

BEGRENSA BILLETTAR

Det er avgrensa med billettar. Billettsalet blir publisert torsdag 4.12 kl. 12.00 på heimesida vår og sosiale medier. Dette er den perfekte julegåva

Aldersgrense: 20 år

Me lagar ny historie på Olaskjeret, så sikre deg plass, og vær med på å feire opninga av NOTHENGJO med VASSENDGUTANE!

Har du planar om å feire noko stort?

NOTHENGJO står klart på vårparten, så ta kontakt med oss for meir informasjon om våre fasilitetar og korleis me kan gjere ditt arrangement uforgløymeleg!

Billettar kjem 4. desember



Forrige
Forrige
21. mars

Kari Bremnes konsert

Neste
Neste
30. mai

Elle Melle i Hengjo