Tilbake til alle arrangementer

Elling Tjønneland: Kina og det globale spelet

  • Austevoll Folkebibliotek Bekkjarvik 61 Bekkjarvik (kart)

Elling Tjønneland dialog på Austevoll Folkebibliotek

Dei siste tretti åra har Kina gått frå å vere eit fattig utviklingsland til å bli verdas nest største økonomi – og den viktigaste handelspartnaren for eit stort fleirtal av verdas land. Samstundes er Kina i ferd med å bli ein markant politisk aktør i verdspolitikken. Kva betyr dette for internasjonal politikk og global utvikling i ei tid der den nye Trump-administrasjonen i USA riv ned grunnsteinane i den verdsordenen vi kjenner?

Elling Tjønneland er seniorforskar ved Chr. Michelsens Institutt i Bergen. Han har i fleire tiår arbeidd med spørsmål knytte til utvikling i sør, særleg i Afrika, og med rolla til Kina og andre framveksande stormakter. I 2025 gir han ut ei fagbok om kinesisk bistand til Afrika og kva dette betyr for global bistand og utvikling.

Forrige
Forrige
30. august

667 vitsar om Austevoll - May Linn Clement

Neste
Neste
5. september

Yoga & velværehelg på Stolmen