Back to All Events

Red Jackets presenterer låter av Johannes Kleppevik

"Red Jackets" vart starta av Bjørn Breilid og Gunnar Bergstrøm som eit prosjekt for å spele countrymusikken til Johannes Kleppevik som tidlegare var utgjeve på vinyl i 1971 (End of October) og i 1975 (A little bit of Heaven). I tillegg var målet også å finne demoinnspelingar, øvingsopptak o.l. og få ukjende songar fram i lyset.
I bandet i dag finn vi Gunnar Bergstrøm (trommer), Bjørn Breilid (el.gitar), Harald Dyb (steelgitar, trekkspel, munnspel), Øyvind Boska (bass, vokal), Arne Rønnestad (ak. gitar, vokal), Bjørn-Tore Henriksen (munnspel, vokal) og Marlen Kleppevik, yngstedotter til Johannes Kleppevik.
Johannes Kleppevik vert av mange rekna som ein av dei fremste c&w-komponistane i Noreg, men musikken hans er i dag ukjend for dei aller fleste. "Red Jackets" vil gjere noko med det, og presenterer eit program med heilt "ny" c&w av høg kvalitet blanda med nokre av dei gode, gamle songane!


Det er berre å glede seg!

Stad: Kongsen Kultursalg, Bekkjarvik

Billettar: følg med på Facebook