JULEBORD PÅ OLASKJERET
Sannsynlegvis er dette fyrste gong det blir arrangert julebord på Olaskjeret, og vertskapet har gleda av å tilby julemiddag, fre - laurdag frå 18.11- 10.12 (4 veker)
Holmen vil stå klar i all sin juleskrud, ikledd funklande julebelysning og heimekoseleg atmosfære Stearinlysa vil vere tente, lukter som minnar om jul er garantert og me vil ynskje deg velkomen med varm gløgg og stemningsfull julemusikk
Julebordsbuffet
Pinnekjøtt og svineribbe med klassisk tilbehør
650,- pr pers
Juletorsk med erterstuing, gulrot og Sandefjordssmør, på bestilling
490,- pr pers
Dessertbuffet
Riskrem med bærsaus og Marta Auds karamellpudding
150,- pr pers (kaffe inkludert)
Prisen inkluderar ein juleinspirert holme, pådekking, miljø skapt med kjærlighet, og eit personell som står klar for å gjere sitt ytterste for at kvelden blir så bra som helst
Ta med deg kollegaer, venar eller familie og nyt ein kveld fylt med gode opplevingar
Booking skjer via post@olaskjeret.no
Bordsete, kl 1830-2300
Båttransport frå Bakkasund byrjar kl 18.00. 50kr pr pers
Det er begrensa med kapasitet så ver rask å bestille bord