Tilbake til alle arrangementer

Bokbad med Linda Karlsen; "Størjefeber"

Linda B. Karlsen er aktuell med boka «Størjefeber» på Orkana forlag om makrellstørja, verdas største tunfisk. Kva har fisken hatt å seie for kystfolk i Austevoll og andre stader? Korleis er det no og i framtida?

Forfattaren har vakse opp på Askøy og Austevoll i ein familie der fiske alltid har stått sterkt. Faren var blant pionerane på størjefisket, og farfaren omkom på størjefisket midt på 1950-talet. I boka får du møte fleire kystfolk som har vore med på eventyret. Utgivinga er støtta av Austevoll kommune.

Karlsen blir bokbada av bibliotekar Ketil Reigstad på Austevoll folkebibliotek, Bekkjarvik Torg. Det vert høve til å kjøpe boka på arrangementet.

Forrige
Forrige
4. desember

Julenissen kjem til Bekkjarvik Torg

Neste
Neste
9. desember

Julebord på Olaskjeret, 10. des.