Dette blir ei nyting for både øyre og gane. Artistane syng ariar frå verdas mest kjende operaer mellom rettane. Dei to kjøkkenansvarlege på Bekkjarvik Gjestgiveri, Arnt og Ørjan, vil setje saman ein meny som vil kle ein operakveld i havgapet.
ARTISTANE
Den sørafrikanske sopranen Vuvu Mpofu vart tildelt 3. pris i Placido Domingos OPERALIA Competition i 2015. Ho gjesta Bergen Nasjonale Opera for fyrste gong i fjor, i rolla som Cunegonde i Candide. Både ho og operaen fekk strålande kritikkar frå BA og BT, som rulla terningkast 6.
Den amerikanske barytonen Dean Murphy har ein mastergrad i opera frå Yale School of Music. Han har opptrådt ved fleire av dei store operaselskapa i New England, som Opera North, Salt Marsh Opera, Opera Connecticut, Connecticut Lyric Opera og Yale Opera.
Med seg på piano har dei Ellena Hale. Ho er ein prisvinnande pianist frå Storbritannia, som har spelt på fleire store areaner, blant dei Wigmore Hall, Queen Elizabeth Hall, Cadogan Hall, Cheltenham Music Festival og Aldeburgh Music Festival.
PROGRAM
Konsert og middag med tre rettar og vinmeny
Varighet: ca 3,5 timer
Konsert og middag kr. 1550,-
Vuvu Mpofu / Sopran
Dean Murphy / Baryton
Ellena Hale / Piano
For overnatting, ta kontakt med Bekkjarvik Gjestgiveri via bekkjarvikgjestgiveri.no
Med støtte frå Austevoll kommune og Halstensen Holding
Det vert også Opera i Austevoll 18. april 2020. Sjå nettsida vår for meir informasjon og billettar: BNO.NO
Tilbake til alle arrangementer