Tilbake til alle arrangementer
Møkster, no kjem Vinskvetten igjen!
Tjo- hei og duddeli-dei no samlast me igjen! Denne gongen på Møkster, laurdag 13. august 2022.
Tidlegare i sommar har Vinskvetten spelt på blant anna Tysnesfest, i Eikelandsosen og på Hordabø. Full fest, allsang og stor stemning alle plassar!
Vinskvetten uttalar:
“Vi karane har merka oss at det er fleire unge som kjem for å høyre oss. Det er ikkje alle forunnt å ha eit ungt publikum i det året vår frontmann, Bjørn Jensen, fyller 70 år.
Vi hadde ei utruleg kjekk helg på Møkster i fjor. Måtte det bli like kjekt i år.”
Forestillingen starter kl 20:00. Showet varer i halvannen time