Laurdag 8.oktober kjem det storfint besøk til Bekkjarvik Park!
Sjølvaste Mikkel Rev har endeleg tenkt å fri til den stakkars Reveenka som bur langt inne i parken. Men, Mikkel har aldri fridd før, og han veit heller ikkje særleg mykje om kva som er lurt å gjere om du vil at nokon skal bli glad i deg. Kanskje de kan hjelpe han?
Vandreteateret passar fra 3 år og oppover.
Alt foregår utandørs, så kle deg og dine etter veret!
Billettar er gratis, men må reserverast her, grunna begrensa plass:
https://eventyriparken.ticketco.events/no/en
Tusen takk til Bekkjarvik Gjestgiveri og Bekkjarvik Eiendom som støttar framsyninga.
Framsyninga spelast to gonger (mulighet for ekstraforestilling ved mange påmeldte):
Kl.12:00 - 13:00 (UTSOLGT)
Kl.13:30 - 14:30 (UTSOLGT)
Kl.15:30 - 16:30 (Ekstra!!)
OPPMØTE: Ved Løo (Sjå etter "Eventyr i Parken" flagget)
Eventyr i Parken er eit teaterkompani som jobbar for å skape unike utandørs kulturopplevingar for små og store. Gruppen består av Lina T. Fjørtoft, Stine R. Svellingen, Thomas B. Brandt og Magdalena Kuna.
OBS.
Meld gjerne i frå om du ikkje får nytta deg av reservert billett, slik at andre kan få glede av denne.