Tilbake til alle arrangementer
«Ro: om Sognefjorden og ein lang rotur heim».
Bokbad på Austevoll Folkebibliotek, Bekkjarvik Torg.
Sigri Sandberg rodde Sognefjorden sommaren 2021. Mannen, venninner og mor hennar er med på ulike strekk. Ferda startar ytst i havet, i Gulen der ho budde som lita, og går innover mot Luster og garden der ho delvis bur no. Undervegs fortel ho om korleis fjorden vart til, om vind og straumar og livet over og under vatn. Det vert bølgjer og dramatikk, men også blikstilt hav. I ei uroleg verd lengtar forfattaren etter ro og å finne heim. Finn ho det ho er på jakt etter? I samtale med Ketil Reigstad får vi svar på dette og korleis Sigri opplevde å ro verdas lengste farbare fjord i ein gamal oselvar.
I samarbeid med Bibliotekutvikling Vestland.