Bli med på viktig dugnad
Rein Hardangerfjord er ein strandryddedugnad. Ein strandryddedugnad er ein dugnad der frivillige vel seg eit område dei vil rydde fritt for forsøpling. Vi vil samle så mange som mogleg til å rydde i løpet av veka.
Framtidshavet står for organiseringa, og Austevoll kommune bidreg ved å engasjere, dele informasjon og hjelpe til med utlevering av utstyr. Det trengs mykje folk, og ein kan velge kva rolle ein ynskjer å ha i dugnaden. Ein kan vere med som lokal ryddeleiar eller frivillig ryddar, les meir om kva det inneberer på siden om roller og oppgåver. I tillegg kan ein bidra med å transportere avfall til containeren. Det vil også vere ein vaktmeister frå kommunen som tidvis vil vere tilgjengeleg for å transportere avfall i arbeidstida i ryddeveka. I Austevoll blir containeren utplassert på Austevoll ungdomsskule, og det er svært viktig at alt søppel som vert samla inn blir levert i containeren.
Hjelp oss med å spreie ordet om dugnaden! Følg Framtidshavet på Facebook og Instagram. Meld deg på nyheitsbrevet, og send informasjonen vidare.