Tilbake til alle arrangementer

AK deler soga om Sydpolen

5. januar planta Kjartan Bergsvåg og AK Glück-Teigland flagget på Sydpolen etter 40 dagar og 1200 km på isen i Antarktis. Ein mangeårig draum vart røyndom. Vel møtt til eit ekte foredrag om friluftsliv, polarhistore, sannsoger, åndsverk, motivasjon, vilje, verdiar og venskap. AK driv til vanleg Fagerheim fjellstove på Hardangervidda og har lang røynsle som friluftsmann, frå speidaren i Øystese i Hardanger anno 1992 til Sydpolen 2022.

Foredraget blir heldt i kulturbadet på Austevoll ungdomsskule. Det er ope for alle og gratis.

Forrige
Forrige
11. februar

Afternoon Tea i Bekkjarvik, 11. februar

Neste
Neste
17. februar

Kino: Digg