Back to All Events

Hiv og hoi, St. Hans på Olaskjeret

FAMILIEARRAGEMENT HIV OG HOI! På St.Hans, 23.juni, er små og store sjørøvare velkomne til familiearrangement på Olaskjeret Atistane, Lisa og Tobias kjem på besøk. Dei havna på 2.plass i MGP jr i 2022, og no kjem dei til Olaskjeret med dansecrew og spelar mange kule låtar.

I pausen blir det høve til å kjøpe mat frå grillen; Olaskjeret burger eller Sjørøvar hotdog. Det blir også stasjonar med sal av blant anna popcorn, sukkerspinn og gassballongar. Etterpå startar Barnas Supershow. Då blir det sjørøvertema med fargerikt og sprudlande show.

Musikk, sang, dans og små konkurransar Spenninga stig når alle borna får vere med på skattejakt. Kan det vere ein skatt på Olaskjeret? Kan det hende nokon også må gå planken? Og sist men ikkje minst, Sankthansbålet… det blir kjekt når alle borna kosar seg med sjørøvarsnopepose medan bålet blir tent.

Båtskyss i skyttel frå Bakkasund frå kl 15.30. Husk redningsvest

Konserten startar kl 16.30

Siste båtretur kl 20.00 Kle deg gjerne som ein pirat, ta med dei du er glad og kom å feire St.hans på Olaskjeret! Billettpris: 250,- pr pers (inkluderar musikk, dans, gøy og morro + sjørøvarsnopepose og båtskyss) Billettar kjøpast hos EasyTicket.