Austevoll turlag og Barnas turlag har laga seks turar du kan gå i sommarferien frå 22. juni - 22. august 2024. Når alle turane er i boks, kan du hente ut deltakarpremie på kommunehuset.
Flotte Loddo
Her er eit av mange flotte skue ein finn langs sommarturane
Du kan laste ned UT-appen og registrere turane dine digitalt, eller du finn ein PDF i linken nedst på denne sida. I tillegg til dei seks turane er det eit eige skjema for dei som ønsker å bruke tilrettelagt kort.
Tiltaket er gratis og ope for alle som tenker at dette er gøy.
Når du har gjennomført minst seks av aktivitetane kan du hente premie på kommunehuset.