The Songs of Pogo Pops
Me skulle eigentleg ha hatt konsert med Pogo Pops i juli 2022 – det skulle bli den fyrste konserten på Olaskjeret. Men då Frank Hammarsland vart sjuk, måtte me finne eit nytt band som kunne steppe inn. Tragisk nok gjekk Frank bort i 2023, og me frykta at Pogo Pops var eit kapittel i fortida. 🤎
Heldigvis har dei to gjenværande medlemmane, Nicolai Hamre og Viggo Kruger, halde liv i musikken, og det er med stor takknemlegheit me kan samle dei som har vore hjartet av Pogo Pops, saman med dyktige Rune Solberg og Endre Nordvik, til konsert på Olaskjeret 26. juli!🤩🫶🎶
Pogo Pops blei etablert i 1987, og musikken deira har hatt ein stor påverknad på den norske poprock-scenen sidan 90-talet. Bandet har gjeve ut fire album, inkludert den Spellemann-nominerte «Pop Trip», og vann Spellemannprisen i 1993. Dei har også oppnådd stor suksess i Japan, med fleire turnéar🎤🎶
Praktisk info:
🚤 Båtskyss frå Bakkasund frå kl. 18.00
🍽️ Matservering fram til 19.30
🎶 Konserten startar ca kl. 20.00
👥 Konserten er open for alle over 20 år.
Dette blir ein kveld fylt med nostalgi og gode minner. Ta med deg dei du er glad i, og del denne sommarkvelden med oss på Olaskjeret!