Back to All Events

Music & wine på Olaskjeret


Fredag 10. mai, då det er langhelg for mange, og Olaskjeret ynskjer velkomen til ein musikalsk vinkveld heilt utanom det vanlege!

Musikar og sommelier, Knut Bjørnar Asphol, kombinerer musikk og vin for å gje gjestane ei heilt unik oppleving 
På denne vinsmakinga får du lukte, smake og drikke god vin medan du høyrer gode historiar med vinfakta, ispedd stemningsfull og levande musikk. Knut Bjørnar kombinerer to av sine lidenskapar gjennom å vere både gitarist og vinkjennar. Han har spelt for mange artistar i inn- og utland og har produsert over 500 utgjevingar . Han har vunne Spellemannpris, og utgjeve 8 eigne album. I tillegg er han sommelier og vinjournalist i Romerikes Blad.



Frå aromaen i glaset blir publikum med på historia og vinen si reise. Til slutt kan vinen nytast til ein italiensk arie eller ei fransk vise. Denne kvelden har Knut Bjørnar med seg ei sangstemme av dei sjeldne, Tomine Mikkeline. Ho ga ut sitt første klassiske album som 12-åring på Universal, har hausta gnistrande kritikkar for sine Grieg-tolkningar, turnert dei store scenane i England, og nyleg kome med albumet “Joni” som er ein hyllest til Joni Mitchell.

Etter showet ventar ein freistande buffet som bugnar av blant anna smakfulle ostar, kjeks, nysteikt focaccia og spekemat Billettpris: kr 1.250 ink musikk, vinsmaking, mat og båtskyss. (Begrensa med billettar) Billettar hos EasyTicket:

https://olaskjeret.easyticket.no/produkt/music-wine-10-mai-kl-1930/ Båtskyss byrjar å gå kl. 19:00 frå Bakkasund.
Music & Wine startar kl. 19:30
Aldersgrense: 20 år Ta med deg klubben, kollegaer eller vennen og nyyyyt ein fredagskveld på Olaskjeret

Earlier Event: May 4
Stand up og dans