Smaksoppleving med Ørjan og venner
Éin kveld. Tre kokkar. Seks hender. Éi uforgløymeleg oppleving.
Mirabelle by Ørjan Johannessen har gleda av å invitere til ein heilt unik Six Hands Dinner – der to kjøkkensjefar med Michelin-stjerner kjem til Bekkjarvik for éin eksklusiv kveld.
Denne kvelden lagar Ørjan Johannessen mat saman med Romuald Fassenet, Meilleur Ouvrier de France (MOF), kjøkkensjef og eigar av Château du Mont-Joly (Michelin), og Louis-Philippe Vigalant frå det legendariske Bernard Loiseau i Saulieu / Burgund (Michelin).
Saman skaper dei ein eksklusiv meny der fransk haute cuisine møter nordiske råvarer – ein kveld prega av presisjon, kreativitet og gastronomisk handverk på aller høgaste nivå.
Kvelden inkluderer:
• Aperitiff
• Meny med 10 rettar
• Nøye utvald wine pairing / juice pairing tilpassa menyen
Pris: 5 000,- per person
(Inkluderer mat og drikke)
Tid: Laurdag 24. januar 2026 kl. 18.00
Stad: Restaurant Mirabelle by Ørjan Johannessen, Beckerwyc House
Bindande påmelding – avgrensa tal på plassar.
Booking: mirabelle@bghotel.no
(Obs: For å gi flest mogleg høve til å delta, kan bordplassering bli delt med andre matentusiastar.)