Tilbake til alle arrangementer
Finn ein brukt skatt eller fleire
Det vert arrangert bruktmarknad ved gamle Vinnes skule lørdag 27.september, frå klokka 12:00-16:00.
Det vert sal av klede til både barn og vaksne, bøker, litt møblar og masse anna.
I tillegg til dette vert det sal av kaffi og noko "attåt" for dei som ynskjer å drøsa litt med naboen ein lørdags formiddag.
Lokalet er ikkje fullt endo, så om du har mykje greier i heimen du helst skulle blitt kvitt, send ein sms til 95090735 eller ein messenger til Monika Hauge Larsen om du ynskjer deg eit bord (250kr pr.bordplassering).