Tilbake til alle arrangementer

Bokprat om Olav Duun med Grethe Fatima Syéd

  • Austevoll Folkebibliotek Bekkjarvik 61 Bekkjarvik (kart)

Grethe Fatima Syéd er ekspert på forfattarskapen til Olav Duun. Ho kjem til Bokpraten på biblioteket for å formidla Duun, med særleg fokus på bøkene Samtid (1936) og Ettermæle (1932).

I 2026 er det 150 år sidan forfattar Olav Duun blei fødd. Det markerer vi med dette djupdykket i forfattarskapen hans.

Grethe Fatima Syéd har skrive doktorgrad om Olav Duun og har valt dei to bøkene som blir utgangspunkt for Bokpraten. Samtid er ein av hennar Duun-favorittar og er overraskande aktuell. Boka skildrar ei bygd der motsetningane veks, med polarisering, hatprat og mistenkeleggjering. I Ettermæle krinsar handlinga rundt eit dødsfall og spørsmålet om kven som har skulda. Grip sjansen til å lære meir om Duun av ein engasjert formidlar med stor kunnskap om forfattarskapen.

Bokpraten samlar litteraturinteresserte til samtale om bøker og forfattarskap på biblioteket. Denne gongen leiar Grethe Fatima Syéd samtalen om Olav Duun. Deltakarane blir inviterte til å vere med i samtalen, og det er ein fordel å ha lese éi eller begge bøkene på førehand. Biblioteket har kjøpt inn fleire eksemplar av kvar bok.

Austevoll folkebibliotek har fått støtte frå Fritt Ord til å vidareutvikla Bokpraten, som har vore ei fast hending på biblioteket i fleire år. Tidlegare har vi tatt for oss Dag Solstad, Torborg Nedreaas, Tormod Haugland og Tarjei Vesaas.

Det er påmelding til arrangementet, med plass til 16 deltakarar.
Kontakt biblioteket om du vil melde deg på. 

Tid: onsdag 18.november kl. 17.30
Stad: Austevoll Folkebibliotek

arrangør: Austevoll Folkebibliotek

Forrige
Forrige
12. november

Julemarknad

Neste
Neste
20. november

Kino: Julenissens Verksted