Tilbake til alle arrangementer

Bureisarane på Fugløy (på Austevoll folkebibliotek i Bekkjarvik)

Austevoll historielag og Austevoll folkebibliotek inviterer til foredrag med Atle Hevrøy om ekstremvarianten av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu»!

I 1932 flytta Johannes Olai Hevrøy saman med kona Ingeborg og sønene Karl og Andreas frå Hevrøy til Fugløy, ei øy heilt ut mot storhavet i Austevoll kommune. På Fugløy bygde dei seg hus og løe inne på øya. Ved sjøen bygde dei kai og naust.  Til bygginga fekk dei litt stønad og lån frå staten i samsvar med reglane for bureising (etablering av nye gardar). Sønene gifte seg med to søstrer frå  Austevoll, og det vart fødd 6 barn på øya.

Det var svært vêrhardt der ute, og i 1952 kom det ein storm som fjerna livsgrunnlaget deira: Stormen tok kaien og store delar av naustet. Men huset og løa stod….

Stad

Austevoll folkebibliotek

Kontakt

Austevoll Historielag v/Kristin Magnussen

Mobil : 95902586

Forrige
Forrige
10. november

Kino: There's something in the barn

Neste
Neste
16. november

Julekransbinding på Frivilligsentralen, kl 1100