Tilbake til alle arrangementer
Dei norske tenorane fyller Bekkjarvik med flotte klassiske tonar
Endeleg står den kritikarroste vokaltrioen Nordic Tenors på menyen - med eit variert og smakfullt musikalsk festmåltid. I deira rykande ferske forestilling «À la carte» byr Jan-Tore Saltnes, Nils Georg Nilsen og Espen Solsbak på vokale lekkerbiskener på ei seng av virtuose poteter tilført humormusikalsk salat og ein utsøkt saus av kvalitet frå øvste hylle. Her får publikum både eksotiske og kortreiste råvarer. Med seg har tenorane ein av Noreg sine beste og mest gastronome pianistar.
God appetitt
Billettpris kr 400,-
Billettar på Easyticket (også i sal på Mørenot Bekkjarvik Torg frå 8. august)