Tilbake til alle arrangementer
Kraftfulle stemmer i Austevoll Kyrkje på Storebø
SKRUK kjem direkte frå ein fredskonsert i Grieghallen til Austevoll kyrkje saman med Chorale Militaire Lova som er eit militærkor frå Madagaskar. SKRUK starta dette samarbeidet i 2014, og turnerte også saman med Lova på Madagaskar påska 2024.
Programmet på konserten blir ei blanding av SKRUK og Lova sitt repertoar i tillegg til songar frå albumet "Ei felles bøn om fred" som kom ut i juni 2025