Tilbake til alle arrangementer

Syng jula inn med Koronitas

  • Austevoll Kyrkje, Storebø 161 Prestanesvegen Storebø, Vestland, 5392 Norway (kart)

Senk skuldre og syng inn jula i kyrkja på Storebø

Koronitas inviterer til ein stemningsfull førjulskveld i Austevoll kyrkje tysdag 16. desember kl. 19.30.

Etter suksessen i Hengjo i 2023, byr me no på ein ny vri på julekonserten: denne gongen får publikum vere med og skape den gode julestemninga gjennom song. Med både kjende og meir ukjende julesongar på programmet, ligg alt til rette for ein kveld som senkar skuldrene og fjernar julestress.

Med seg på laget har Koronitas mellom andre pianist og vokalist Tarjei Vatne.

Som i 2023 går overskotet frå konserten til Hjerterom v/ Austevoll Røde Kors


Billettar her


Forrige
Forrige
13. desember

Nissemarsj rundt Vinnesvatnet

Neste
Neste
18. desember

Jul i Drengastova 18, 19. og 20. desember