Tilbake til alle arrangementer

Jul i Hengjo med Koronitas og Eirik Søfteland

Alle hjarte gleder seg!
Koronitas inviterer til julekonsert i vakre og tradisjonsrike Hengjo i Bekkjarvik lørdag 16. desember kl 18.00.
Med både tradisjonell julemusikk, gamle svisker og overraskande repertoar, har konserten noko å by på for ein kvar publikummar.

I år har me med oss sjølvaste Eirik Søfteland, osingen som song seg inn i alle sine hjarte i Idol 2013, vann Skal vi danse same året og deltok i Stjernekamp i 2015. Hans allsidige og imponerande stemmeprakt passar perfekt i lag med Koronitas sine vakre røster.

Med på laget er som vanleg våre faste eminente musikarar:
Vidar Elholm - tangentar
Morten Færestrand - gitar
Peter Sæverud - bass
Marius Mathiesen - trommer

Billettar i sal frå 20.09. på EasyTicket.

Konserten passar perfekt i lag med julebordsmiddag på Bekkjarvik Gjestgiveri. Kontakt salg@bghotel.no for meir informasjon.

Hjarteleg velkommen til julestemning i Bekkjarvik

Forrige
Forrige
16. desember

Afternoon Tea i Bekkjarvik, 16. desember

Neste
Neste
17. desember

Familiejulebord på Bekkjarvik Gjestgiveri, 17. des