Tilbake til alle arrangementer

Kino: Ustoppelig

  • Gullsmedvegen Kongsen kultursal Bekkjarvik (kart)

Små heltar i Kongsen kultursal

Frå produsentane av Tre nøtter til Askepott kjem USTOPPELIG – ein actionfylt animasjonsfilm med dei minste heltane du nokon gong har sett!

Møt Kaja: ei modig, nyfiken celle som bur i nyra til ti år gamle Erik. Men Kaja har eit stort problem – ho klarer ikkje å dele seg som alle dei andre. No legg ho ut på ei vill og farleg reise gjennom kroppen for å finne svaret.

På vegen møter ho general Abel, og saman blir dei kasta inn i eit eventyr fullt av spenning, humor og hjartevarme.

Når Kaja oppdagar at Erik er alvorleg sjuk, må ho ta eit val: Skal ho kjempe for seg sjølv – eller gi alt for å redde han?

USTOPPELIG er ein film om mot, vennskap og krafta i å stå saman.

Premiere 04.02.2026

Forrige
Forrige
25. februar

Kafè på Leider i vinterferien

Neste
Neste
27. februar

Kino: Havfolket