Tilbake til alle arrangementer

Sivert Høyem konsert

  • Bekkjarvik Bekkjarvik 61 Bekkjarvik (kart)

Sommerkonsert 2025 Sivert Høyem

Årets sommarkonsert i Bekkjarvik! Sivert Høyem er ein av Noregs største artistar gjennom dei siste tjue åra, både som frontfigur i det legendariske bandet Madrugada og for si suksessrike solokarriere. No gjer han seg klar for å trollbinde publikum på Sommarkonserten i Bekkjarvik 2025. 

Med sitt nyaste album On an Island, spelt inn i det sagnomsuste bedehuset Zoar i Nyksund, beviste Høyem igjen kvifor han blir rekna som ein av dei mest markante stemmene i nyare norsk musikkhistorie. Albumet vart hylla av kritikarar for si råe og melankolske skjønnheit, og markerte ein ny milepæl i ein allereie interessant artistkarriere, både i og utanfor landegrensene.

Høyems musikk blir skildra som tidlaus, melankolsk og med ei evne til å transportere lyttaren til nordnorske landskap, der vinden hyl og nettene er lange. Med låtar som «Prisoner of the Road», «Moon Landing», «Into the Sea» og den ikoniske Madrugada-klassikaren «Majesty», lover vi ei konsertoppleving i verdsklasse.Gjør deg klar til å la Sivert Høyems kraftfulle stemme og gripande scenetil stadesvere fylle Sommarkonserten i Bekkjarvik med uforgløymeleg rockemelankoli. Dette blir ei kveld for minnebøkene.

GENERELL INFORMASJON:

Området opnar klokka 18:00 - Konsertstart klokka 20:00

Til og med 14. juli 735 kr inkl. billettavgift - frå 16. juli 835 kr inkl. billettavgift

Billettar vil ikkje bli refundert.

For konsertgjester som ynskjer bordreservasjon eller overnatting, blir dette reservert på e-post eller direkte med Bekkjarvik Gjestgiveri.

For bordreservasjon: restaurant@bghotel.no For overnatting: salg@bghotel.no Telefon Bekkjarvik Gjestgiveri: 55084240

Vi gjer merksam på at alle gjestar ombord i fritidsbåtar i Indre hamn må ha gyldig Sommarkonsertbillett. Gjestar som ynskjer å nytte seg av underhaldning på Bekkjarvik Gjestgiveri etter Sommarkonserten må ha Sommarkonsertbillett.

Hjarteleg velkomen til ei nydeleg sommarkveld i hjartet av Bekkjarvik

Forrige
Forrige
18. juli

Stand up show med Roar Brekke på Møkster

Neste
Neste
19. juli

Bjørn Berge konsert