Dei to forfattarane av «En reisebok i Ibsens Italia» påstår at utan Italia, ingen Henrik Ibsen av verdsformat. Dei fortel at Ibsen budde heile 27 år i utlandet; dei fleste i Italia. Og her, i Italia skreiv han sine mest kjende verk, mellom anna Brand, Peer Gynt og Et dukkehjem». Om boka skriv professor Gunnstein Akselberg at «…den er og ei lærebok om Ibsen og den historisk-kulturelle bakgrunnen for nokre av hovudverka i dramatikken hans, samstundes som boka også er ein sprudlande reiserapport frå to norske Italia-elskarar. Dei to foredragshaldarane Gro Hartun og Lill Vibe Simonsen tek oss med….»
Hartun og Simonsen vil ta oss med på ei reise til Ibsen sitt Italia i hans fotefar. Det vert ei reise frå Milano og Venezia, via Amalfikysten og Ischia til Roma. Foredraget blir krydra med vakre bilete frå reisene dei har hatt.
Hadde Ibsen vore ein like stor dramatikar utan åra i Italia? Kom til biblioteket, der får du svaret. Det vil bli sal av boka etter foredraget. Gratis adgang.