Verdens første halvmaraton i Austevoll
For første gong arrangerer Austevoll Idrettsklubb si friidrettsgruppe eit halvmaraton i kommunen. Løpet går av stabelen 17. oktober 2026, med løype frå Bakkasund via Skår til Eidsbøen, og målgang på idrettsbanen. Arrangementet har allereie vekt stor interesse både lokalt og regionalt.
Klubben har tidlegare arrangert Austevollsløpet 42 gongar, men det er første gong dei utvidar med halvmaraton i tillegg til den tradisjonelle 5 km-løypa mellom Vestbøbrekka og idrettsbanen. Målet er å gi eit lokalt tilbod til løpeglade i eit flott kystlandskap.
Det vert også arrangert kretsmeisterskap i landeveg, både på 5 km og halvmaraton. Deltakarar som er medlem i friidrettsklubb kan konkurrere om medaljar og tittelen som kretsmeister i sine klassar.
For dei yngste blir det arrangert eit gratis mini-mini maraton på 870 meter for barn til og med 10 år, slik at heile familien kan delta.
OBS - klokkeslett i event er tentativ, og vil bli oppdatert
Påmelding og meir informasjon finn ein via eqtiming.com, Marsteinen si heimeside eller annonse med QR-kode.