Skalldyr og strengar som vil imponere
Olaskjeret inviterer til skalldyrfest med velkomstboblar, fingermat og nygrilla sjøkreps rett frå grillen. Inne i Nothengjo ventar eit festpynta skalldyrsbord med reker, krabbe, snøkrabbe og sjøkreps, servert med nøye utvald vin. Det blir òg ein shot med krema blåskjelsuppe og trubadur som skapar stemning.
Etter middagen blir det konsert og hyllest til all verdens gitarlegender med Vidar Ruud og band – ei reise gjennom tidlause klassikarar.
Heilkvelden inkluderer båtskyss frå Bakkasund, velkomstdrink, fingermat, skalldyrsbord, suppe, trubadur og konsert.
Pris: kr 1.550 per person (inkl. billettavgift).