Tilbake til alle arrangementer
Det vert julemarknad og julestemning på Bekkjarvik Gjestgiveri, to laurdagar i desember (3. og 10.desember)
Gled dykk til å oppleve heile Bekkjarvik Torg lyst opp av fleire hundre julelys.
I gjestgiveriet sin lune paviljong finn du blant anna rykande fersk julegrøt med smør, sukker og kanel + Gløgg og anna godt i glasset.
Det vert juleverksted for barna, ein bålpanne du kan varme deg ved, og huset si eiga salsbod.