Konsert med Trygve Eiken trio
Eventfoto: Sigrun Jørdre
Lørdag 23. august klokka 18.30 blir det konsert med Trygve Eiken trio i Austevoll kyrkje.
Trygve er visesanger og prest. Han er mykje rundt om med gitaren, med eigne eller andres viser. Med trioen let han seg rive med, og framstiller låtene i eit mer rocka uttrykk og eit mykje meir levande og mangfaldig lydbilete. Han gler seg til å framføre låtene på Storebø i Austevoll kyrkje. Nærleiken til sjøen vil prege konserten.
Trioen består, i tillegg til Trygve, av:
Ian Kolstad : multiinstrumentalist, pastorsønn og musikkterapeut. Har ein allsidig musikalsk bakgrunn, blant anna i bandene Nud og Goldlog. Han driv plateselskapet mono-log, og har gjort det til ein spesialitet å utfordre visesangarar med kassegitar til spanande produksjonar. Han inspirerer Trygve til å skrive ny musikk, og til å sjå låtene fra ein litt annan vinkel. Trygve er utrolig glad for at Ian er med denne kvelden.
Andreas Bjordal: pedagog, fagforeningsmann, fotballtrenar og i denne samanheng spesielt ein strålande trommis. Som tidligere verdensmeister i buekorpstromming er han stødig som eit fjell og leiken som en kalv på vårslepp. Trygve og Andreas har kjent kvarandre sidan dei begge tok grunnfag i kristendom på NLA for ein generasjon sidan, og spilt saman sidan dei var naboar i Kirkegaten og spelte i kirkegaten køntriorkester. Trygve er aldri tryggare enn med Andreas på scena, og er utrolig glad for at Andreas er med denne kvelden.
Denne helga blir det sleppfest for sangene Uegnet som gave og Boogieshoe, spelt inn i studioet til Ian Kolstad og miksa i Nacksving studio i Gøteborg. Dei er tilgjengeleg på alle digitale plattformar frå 22. august. Kvelden før Austevoll Kyrkje markerer trioen slepp på Spinae på Stord hvor Andreas og Ian bor. Du får naturlegvis høyre desse to nye klassikarane i tillegg til eit nøye utval frå Eiken sine tidlegare produksjonar og favorittsonger.
Velkommen til konsert!