Ein heilt spesiel Valentinesdag
La kjærleiken stå i sentrum denne valentinsdagen.
Blir denne valentinsdagen ein dag de aldri gløymer? Kom hit, pust inn den friske sjølufta, og sei ja i havgapet – i eit rom fullt av varme, historie og ekte sjøromantikk. Vi tek oss av alt det praktiske, slik at de kan vere til stades i augneblinken.
Den store dagen får òg ein lokal signatur: Austevolls ordførar Bente Kari Taranger vil sjølv stå for vigslene denne dagen, og Bekkjarvik Blomster sørgjer for vakker dekor og romantisk stemning med lys, blomstrar og vintermagi.
Vigsler blir haldne mellom kl. 12.00 og 17.00, og tidspunkt blir tildelt etter kor mange par som melder seg på. De kan ta med eigne vitne, eller vi stiller gjerne som vitne om de ønskjer det.
Drop-in-bryllaup – for 2 personar:
Vigsel på Bekkjarvik Gjestgiveri
Aperitiff etter vigsla
5-rettars middag for to
Overnatting i dobbeltrom
Frukost neste morgon
Pris: 5 990,- for 2 personar
Alt er lagt til rette for ei stemningsfull og romantisk feiring – utan planleggingsstress, men med alt det viktige på plass.
Bekkjarvik Blomster sørgjer for vakker og enkel dekor til vigsla.
Ønskjer de små bukettar eller blomedekor tilpassa dykk, kan blomsterbutikken kontaktast direkte for bestilling.
Avgrensa tal på vigsler – meld dykk på via:
📧 booking@bghotel.no
Slik får de prøvingsattesten (steg for steg):
👉 https://www.skatteetaten.no/.../i-n.../veien-til-ekteskapet/
Pssst … vil de fornye løfta?
Om de allereie har sagt «ja», men vil feire kjærleiken på nytt, er det fullt mogleg under vårt Drop-in-bryllaup.
Same romantiske rammer – berre eit nytt «ja» til kvarandre, og kanskje litt ekstra magi i havgapet