Tilbake til alle arrangementer
Feire midtsommar med Splint
SPLINT er eit band du verkeleg må oppleve live
Dei siste åra har dei turnert flittig og fått strålande tilbakemeldingar frå publikum. Sidan oppstarten i 2012 har bandet bygd seg opp solid erfaring gjennom ei rekkje band, studioprosjekt og som backingmusikarar for kjende artistar.
SPLINT består av ein samspelt og rutinert trio:
Arvid Søreide (gitar, vokal)
Trond Eide (keyboard, trekkspel, vokal)
Hans Torsvik (trommer, vokal)
Med sitt gode humør, sterke musikalske uttrykk og eit allsidig repertoar, leverer SPLINT alltid konsertar som skapar liv og stemning. Dette er bandet som gir alt på scena – kvar einaste gong.
Transport:
Sjå ruteplanleggar på www.skyss.no