Liv i teltet i gamle Prestegardshagen
Slush spelar jamleg på pubar, hotell og i hallar over heile Vestlandet, og har delt scene med Vassendgutane, Vinskvetten og black metal-bandet Kampfar!
Gjengen sin eigen musikk, gjeven ut i 2010 under det tidlegare bandnamnet RHORM, vart ofte spelt både på NRK P1 i Hordaland og på P5 Bergen. I seinare år har Slush rendyrka partykonseptet og spelar eit herleg utval coverlåtar av alt frå Thin Lizzy og Queen til The Weeknd og Billie Eilish.
I teltet på Casa Mia lovar Slush eit heftig og fullpakka sett med bangers som garantert får det til å koke framfor scena.
Slush på Casa Mia består av:
Jan Inge Ebbesvik (vokal), som elles også stod på scena på Songgalleriet i februar 2024
Roy Hilmar Svendsen (gitar, vokal)
Asle Bentzen (leadgitar)
Anders Dale (bass, vokal), busett på Hundvåkøy og har spelt på både Songgalleriet, Hjerter i Sang og Abba på Olaskjeret
Lars Helge Glomnes (trommer)
Erlend Mongstad (keyboard)
Info om billettsal kjem etter kvart – så hald av datoen allereie no!