Tilbake til alle arrangementer

Bokprat med Anita Østerbø sin bok “Skammens Mødre”

  • Austevoll Folkebibliotek Bekkjarvik 61 Bekkjarvik (kart)

Senioruniversitetet i Austevoll inviterer til bokprat

Anita Østerbø kjem til Austevoll senioruniversitet!
Ho står bak den populære bokserien Skammens mødre – ein trilogi om dei tøffe kampane til åleinemødrer.

Alle bøkene bygger på sanne historier, dei føregår for det meste i Bergen og handlar om mora til forfattaren, hennar fire veninner og borna deira. Bøkene tek opp viktige tema som skam og fortiing, sosiale skilnader og kvinnekamp.

Vi får eit innblikk i barneheimane, følgjer adoptivborna og blir vitne til partnarvald og kampen om borna.

Men vi kjenner òg på styrken og gleda i vennskapet mellom dei fem veninnene.

Velkomen!

Gratis for medlem,
100 kr for ikkje-medlem

See less

Forrige
Forrige
24. mai

Stord1 går Austevollsleia frå Bergen til Møkster

Neste
Neste
29. mai

Bjørn Berge - konsert i Hengjo