Oppvarming til nasjonaldagsfeiringa
Fredag 15. mai inviterer Bekkjarvik Gjestgiveri til eit stemningsfullt arrangement – ein perfekt start på nasjonaldagshelga.
Therese frå Freddie Ocean Distillery kjem på besøk og tek over baren for kvelden. Her blir det god stemning og moglegheit til å få inspirasjon til drikke du kan lage sjølv til 17. mai.
DJ Thea Misje Heggland sørgjer for musikken og god stemning gjennom ettermiddagen.
Vi håpar på sol og sommarlege rammer ved kysten, med god musikk og gode smakar.
Aldersgrense: 20 år
Vil du gjere litt ekstra ut av helga, kan du booke rom og bli verande. Nyt middag om kvelden, vakn til ein god frukost, ta inn den friske sjølufta – og rund av med ei avslappande stund i saunaen.
https://www.bghotel.no/
https://strilasauna.no/vare-saunaer/#bekkjarvik
Velkomen til ein hyggeleg start på 17. mai-helga i Bekkjarvik.