Tilbake til alle arrangementer

Mamma Mia! Dinnerparty i Hengjo

Mamma Mia i Hengjo

20. juni & 27. juni

Vi spelar framsyninga på to datoar. Hugs å sjekke at du har valt rett dato før du går vidare til betaling.

Bekkjarvik Experience, Bekkjarvik Gjestgiveri og Eit SABBA Band presenterer:

Mamma Mia! Dinnerparty i Hengjo

Gjesteartist: Fredrik Domaas

Gjer deg klar for ein heilt unik sommarkveld i majestetiske Hengjo i Bekkjarvik – med ein smak av Hellas! For aller første gong inviterer vi til eit ekte dinnerparty der middag og show går hand i hand.

Nyt ein utsøkt trerettars sharing-meny i gresk-inspirert stemning medan du blir omslutta av eit spektakulært ABBA-show i historiske omgjevnader.

Eit SABBA Band har teke både små og store scener med storm det siste året, og for høvet har Astrid Fagerbakke Heggland skrive eit splitter nytt manus, med humor, romantikk og tendensar til sjalusi. Fredrik Domaas, kjend mellom anna frå Stjernekamp, er med i rolla som den litt for unge språklæraren som fire «litt vaksnare damer» har eit godt auge til. Her blir det sol, sommar, allsang og dans – og garantert Dancing Queen-stemning!

Dette arrangementet er rett og slett *the winner takes it all* for sommarfesten – anten du kjem med firmaet, venegjengen eller klubben. Når kvelden går over i natt, opnar dansegolvet med endå fleire ABBA-hits og dunkande disco, så ta på deg danseskoa!

---

📌 Praktisk informasjon

  • Dato: 20. juni og 27. juni 2026

  • Tid: Dørene opnar kl. 18.00

  • Stad: Hengjo, Bekkjarvik

  • Billettpris: kr 1495,- + billettavgift

Billetten inkluderer:

  • Aperitiff

  • 3-retters sharing-meny

  • Heilaftans show

  • Therese Storebø frå Feddie i baren (20. juni)

  • DJ og dans

  • Grupper: Arrangementet nyttar større fellesbord, og gjestene blir plasserte saman. Grupper blir bedne om å ta kontakt med Bekkjarvik Gjestgiveri for bordplassering.

  • Aldersgrense:** 20 år

  • Merk: Billettane blir ikkje refunderte

---

Medverkande

Vokal:

  • Fredrik Domaas

  • Astrid Fagerbakke Heggland

  • Ragnhild Cathrine Østervold

  • Mandana Zadeh

  • Hege Lauvik

Band:

  • Sigve Solbakken

  • Anders Dale

  • Roald Storebø

  • Jo Magnar Drønen

  • Bent-Jarle Brenne

Så take a chance on us, finn fram sommarkjolen, det gode humøret – og bli med på ein kveld fylt med gresk atmosfære, ABBA-klassikarar og minne som varer lenge etter siste låt.

Voulez-vous bli med?

Billettar finn du på her: https://bex.easyticket.no

Forrige
Forrige
30. mai

Elle Melle i Hengjo

Neste
Neste
27. juni

Mamma Mia! Dinnerparty i Hengjo (Copy)