Bli inspirert i Kongsen kultursal
Denne dagen er til inspirasjon, informasjon og refleksjon – særleg for deg over 60, men òg for alle som nærmar seg denne alderen.
Du får mellom anna informasjon om dei mange tilboda som finst i Austevoll for denne aldersgruppa.
Dagen blir avslutta med samtaleforedraget «Resten av livet», der Trond-Viggo Torgersen og Kristin Helle-Valla samtalar med Mari Garås Monsson.
Om samtaleforedraget
I Resten av livet snakkar Trond-Viggo og Kristin varmt, klokt og humoristisk om livet, aldring og overgangen til pensjonisttilværet – ei tid som kan vere både frigjerande og utfordrande.
Dei tek opp tema som identitet, relasjonar, val, økonomi og nye moglegheiter – ting mange av oss utset å tenkje på.
Saman med Mari Garås Monsson frå NRK blir dette ei både ettertenksam og underhaldande stund om det gode seniorlivet. Trond-Viggo signerer bøker etter arrangementet.
Arrangørar:
Den kulturelle spaserstokken Austevoll, Austevoll kommune, Austevoll eldreråd/Seniornett Austevoll og Austevoll demensforeining.
Det er gratis inngang og servering.
Meir informasjon kjem