Tilbake til alle arrangementer

Det flytande litteraturhuset til Austevoll

  • Austevoll Folkebibliotek Bekkjarvik (kart)

Bokbåten Epos lever vidare som flytande litteraturhus. Frå Seljevågen i nord til Skudeneshavn i sør legg den legendariske båten i haust ut på endå ei tokt, etter nær seksti år i teneste som bokbåt på Vestlandet. 28 kommunar har gått saman om å gi Epos ny vind mot hamner i grender og bygdelag langs vestlandskysten. I Bekkjarvik skal besøket feirast med tre litteraturførestillingar på folkebiblioteket:

17.00 Eit hjarte til jul

Ein forteljarkonsert med Line Dybedal. Line vil presentere den nye boka si gjennom høgtlesing, song og piano, og med Mathias Marstrander på gitar.
Eit hjarte til jul er ei historie om dei vonde tankane som kan oppstå når nokon ein er glad i er alvorleg sjuk. Samstundes er det ei varm forteljing om å finne trøyst og tryggleik, og om aldri å gi opp håpet. Arrangementet passar for både store og små.
Line Dybedal er låtskrivar og musikar frå Nordfjord. Ho har komponert musikken til NRK Super-serien "Bli med heim" og gitt ut to soloalbum. Eit hjarte til jul er debutboka hennar.

18.00 Evolusjonen til ein lokalavisjournalist

Høgtlesing med avisteiknar og journalist May Linn Clement. Utanom avisteikning skriv May Linn morosame tekster for Dag og Tid. Etter elleve år som lokalavisjournalist tek May Linn Clement permisjon og oppdaga at pennen hennar ville føra ned betraktningar og refleksjonar kring det levde liv som lokalavisjournalist. Opplesinga tar for seg hennar eigen tekst som er publisert i Dag og Tid.
«I løpet av desse ti åra har eg gjort fleire intervju av personar som går av med pensjon. Somme har arbeidd 40 år i kommunen, andre har reist på fiske i 50 år og kunne vel eigentleg helst tenkja seg aldri å gå i land. Eit fast spørsmål har vore: Kva er den største utviklinga du har opplevd?»

19.00 Avsporingar

Forfattartreff med Gaute M. Sortland som fortel og les frå den nye boka si «Avsporingar»; om menn i krise - ei humoristisk og leiken novellesamling.
Kva om det verste skjer? Det får hovudpersonane i denne novellesamlinga kjenne på. Ein familiefar har fått ein beskjed som snur om på heile livet hans og på livet til ungane, skal dei for alltid bli den familien alle synest synd på? Ein eldre mann har skapt seg det livet han vil ha og kommuniserer minimalt med omverda, så bankar det på døra og livet blir aldri det same.
Ja visst er Sortlands tekstar er humoristiske og leikne, men rommar også eit større, underliggande alvor.

Alle arrangement er gratis.

Bokbåten er open for publikum mellom kl. 15.00-21.00.

Velkommen ombord!

Forrige
Forrige
12. november

LYSFEST I BEKKJARVIK

Neste
Neste
20. november

OPERA I AUSTEVOLL