Tilbake til alle arrangementer

Foredrag med Adrian Lund

Austevoll kommune invitera til eit inspirerande foredrag med Adrian Lund. Foredraget er i kultursalen på Storebø skule onsdag 4. desember.

Om foredraget:

Adrian Lund er hardt ramma av Tourettes, noko som inneberer mange ufrivillige lydar og bevegelsar. På tross at dette har han jobba 10 år i serviceyrket. Hausten 2016 stilte han også som deltakar i 71˚ Nord. Adrian er ekspert på å utfordra sine eigne komfortsonar og veit kva som skal til for å meistra ting i livet – på tross av dei utfordringane han har i sin kvardag.

Adrian vil fortelja med engasjement og innleving om sin veg frå mobbeoffer til foredragshaldar og deltakar i 71˚ Nord. Gjennom morosame og tøffe historier, får han det til å virka enkelt å snu motgang og negativitet.

Bli med på eit fyrverkeri av eit foredrag du også!

Foredraget er gratis.

Forrige
Forrige
23. november

Born To Run - A tribute to Bruce Springsteen - Austevoll

Neste
Neste
4. desember

Julekonsert, allsong og grautfest med Eufonia