Vere med og styrke Austevoll som destinasjon og heimstad?
Vi er stolte og inspirert grunna Ørjan og Mirabelle by Ørjan Johannessen si stjerne i Michelinguiden. Dette har stor effekt for Austevoll som destinasjon og stad å bu. Vi ser allereie eit enormt hopp i merksemd inn mot Visit Austevoll frå dagen stjerna vart tildelt (01.06.26). Månaden rundt den dagen auka Instagrambesøk med 36 %, og ikkje minst hadde Facebooksida vår aleine heile 18300 besøk på tildelingsdagen, 1. juni, og deretter tel vi dagleg fleire tusen besøk.
Vi må rigge Austevoll reiselivlag, stifta 1994, vidare som eit solid destinasjonsselskap. Ein del av arbeidet med vår seinare destinasjonsutvikling har vi arbeida med sidan medio 2024. Nye nettsider, ny profil med utgangspunkt i kommunen sitt prosjekt «Austevollsmilet», og auka aktivitet på vår Instagram. I denne prosessen har vi komen fram til ein ny medlemsmodell.
Her er kva våre bedriftsmedlemmar får av justerte fordeler frå 2026:
Berre medlemmar vert profilerte på visitaustevoll.no (unntak: kulturkalender)
Medlemskap er føresetnad for digital annonsering
Ikkje-medlemmar har berre tilgang til å annonsera i trykte medium
Førespurnader vert prioriterte til medlemmar
ARL uttalar seg på vegner av reiselivet i relevante høyringar
ARL tilråder i hovudsak medlemsverksemder
Langsiktig utvikling av Austevoll som attraktiv og berekraftig destinasjon
ARL har samarbeid med Visit Bergen og Visit Sunnhordland
Vi vonar du ynskjer å dra nytte av «Ørjaneffekten», og våre medlemsfordeler
Med gode reiselivstilbod aukar også bulysten på staden. Vi i reiselivet byd på mykje god kultur og aktivitet, og vi leverer det som ein kvar kommune treng; trivsel og begeistring. Om du ynskjer å vere med på ferden som privatperson, så er også dette mogleg. Medan du som privatmedlem heier på utviklinga, får du i retur mykje kjekt å finne på, enten du bur her fast, eller har hytte på ei av våre 667 øyar og holmar. Fleire spanande arbeidsplassar innan reiseliv vil også vekse fram når vi får til gode prosjekt saman.
Basis medlemskap bedrift 1.250,-
Basis medlemskap privatpersoner 350,-
Alle prisar årleg utan MVA
post@visitaustevoll.no for medlemskap
Lita marknadspakke 5.250,-
Medium marknadspakke 7.250,-
Stor marknadspakke 10.750,-
Alle prisar årleg utan MVA
Basis medlemskap bedrift 1.250,- Basis medlemskap privatpersoner 350,- Alle prisar årleg utan MVA post@visitaustevoll.no for medlemskap Lita marknadspakke 5.250,- Medium marknadspakke 7.250,- Stor marknadspakke 10.750,- Alle prisar årleg utan MVA