Bekkjarvik

Tradisjonsrikt og levande handels- og sjøbruksmiljø med Bekkjarvik Gjestgiveri, butikksenter, postkontor, nothengje med scene, lun gjestehamn og badeplass. Kvar sommar er det store kystkulturarrangement i den gamle nothengja og med besøk av veteranbåtar. Butikksenteret er omsorgsfullt tilpassa dei gamle sjøhusa med mange spor frå tida med salting av sild, laging av tønner, utrusting av fiskebåtar og vedlikehald av fiskeredskapen.

Vinnesvåg

I Vinnesvåg er det lagt tilrette for aktivitetar. Her finn du Vinnesvatnet med ein flott turløype/lysløype og du kan gå derfrå opp til utsiktstoppen Veten. Her er også sherpatrappar, hundepark og spanande klatre- og leikestativ for både store og små. Du kan i tillegg grille i grillhytta på “Grønland”, og ved den fine sandstranden langs løypa.

Bakkasund

Bakkasund er også kjend som Storekalsøy. Her er det gjestehamn, butikk med kafè og Olaskjeret like utanfor kaien. Om du vil på tur så er Skansen ei frisk oppleving med fine løyper med utsikt mot Marstein Fyr og horisonten.

Storebø

Kommunesenter med internasjonal fiskerihamn, gjestehamn med marina, badeplass, friluftsområde, legekontor, bank, post i butikk, kyrkje, bokkiosk, BUA og fleire butikksenter. Tusenårsstaden rommar den restaurerte presteboligen Casa Mia, og det vert det arrangert større og mindre kulturarrangement, som kunstutstilling i bakeriet, utegudstenester, aktivitetsdagar m.m.

Stolmen

Austevoll var eit av dei fyrste stadane som vart isfritt for omlag 10 000 år sidan. På Stolmen er det gjort ei mengde funn som stadfestar at dei fyrste jeger- og fangstfolka slo seg ned her i øyriket. Utmarka er open for ferdsel til fots, og ein kan fritt overnatta i medbragt telt. Stolmen har òg Stangeland Gård. Her kan ein leige den innreda løa til selskap opptil 50 personar, og gardshuset er til leige med ei mindre stove til selskap og 6 doble hotellrom. Det er også pub i kjellaren på garden.

Kvalvåg på Stolmen er ei særprega gamal handels- og fiskerihamn med eit spanande naustmiljø og kyrkje. For turinteresserte kan ein gå ei oppmerkt Nordsjøløype her, eller ein fin tur opp til Globen.

Navøyvågen, foto: RochShore Sailing

Hundvåkøy

Hundvåkøy har ei fin Nordsjøløype å tilrå. Ein tur til Rongja på vestsida av øya er heller ikkje å forakte. For den aktive reisande så har Hundvåkøy også ein flott kunstgrasbane, og det er ein leikeplass og tuftepark like ved banen. Ta deg gjerne ein tur til fiskerihamna Torangsvåg. Her finn du større moderne fiskebåtar som ligg til kai medan refiskebåtreiar og mannskap ventar på at fiskeriet skal starte. På sommaren kan det anbefalast å ta seg eit bad i enten “Røtapødl” eller “Putahølo”, ein flott lagune for båttur og bading. På Hundvåkøy finn du også Navøyvågen, ei flott friluftshamn for båtar og for turgåare.